Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

Status SFE Nett sitt område 30.12

27.12.2011

Det er fredag 30. desember ingen kundar i SFE sitt nettområde som er utan straum som følgje av høgspentfeil. Det vil framleis kunne vere feil i lågspentnettet som fører til at enkelthusstandar eller -bygg ikkje får straum. Vi oppmodar dei som opplever dette om å ta kontakt med oss, slik at vi får oversikt over feil i området.

Både eigne mannskap og innleigde ressursar arbeider framleis for fullt etter uvêret, og vi tek fatt i dei innrapporterte feila så snart det let seg gjere. Med omfattande reparasjonar og arbeid i nettet vil ein framleis kunne oppleve noko ustabilitet, og at straumen kan kome og gå i ein periode. Dette vil betre seg etter kvart som fleire av feila blir reparerte.



print

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490