Informasjon om prisområde
21.05.2010
Kva er prisområde?
Noreg er delt inn i fem prisområde og prisen kan i periodar variere ein del øre mellom dei ulike. Per i dag er skilnaden ca 6 øre mellom billigaste og dyraste område. Det er straumbørsen Nord Pool som kvar dag set gjeldande pris i kvart område. Kunden betaler prisen som til ein kvar tid er gjeldande der kunden bur.
Sjå her kva prisområde du høyrer til.
Kvifor prisområde?
Naturen i Noreg er ikkje bare fin å sjå på, den er også unik fordi den er perfekt for fornybar kraftproduksjon. Mengda med snø i fjella , nedbøren og de høge fossane er viktige element som gjør at du har straum i stikkontakta di.
Men sjølv om vi er rike på kraft, er ikkje situasjonen optimal. Produksjonen skjer ikkje der i landet forbruket er størst, og vi må heile tida transportere krafta mellom ulike områder . I tillegg er nettet i Noreg gammalt og har dårleg kapasitet. Denne situasjonen gjer at vi må nytte ulike virkemidlar for å styre kraftflyten i Noreg. Dette er grunnen for at Statnett deler Noreg inn i prisområde. Dei regulerar prisen etter tilbod og etterspørsel i dei forskjellige områdane slik at krafta kjem dit den trengst. Slik får ein god kraftflyt og ein betre utnytta nettkapasitet.
Situasjonen som har vore i Noreg i år, med ekstremprisane i februar og ein ustabil kraftmarknad har gjort at Statnett auka frå tre til fem prisområde i mars. Dette gjorde til at nokre kundar ble flytta til nye prisområde.