Søk
  Straum   Rådgjeving   Mi side   Om SFE   Jobb i SFE   Kontakt   Driftsmeldingar 
 

SFE Fornybar

- for bedrifter som tek ansvar!

 

Med SFE Fornybar er bedrifta sikra 100% fornybar energi!

For å sikre bedrifta di 100% fornybar energi, kan du få opphavsgaranti på straumen. Då får bedrifta eit sertifikat som syner ein straumbruk basert på fonybar energi. Sertifikatet leverast i glas og ramme og er egna som veggpryd.

Kva er opphavsgaranti?
Sjølv om vi i Noreg produserar fornybar energi som vass- og vindkraft, har vi til tider eit kraftunderskot slik at vi må importere frå utlandet. Den importerte krafta kjem mellom anna frå ikkje-fornybare kjelder som gass og kol. Alle SFE sine anlegg produserar fornybar energi, og vi er dermed sertifiserte av Statnett til å gje ut opphavsgarantiar på  kraftproduksjonen vår.

Det er umuleg å fysisk  "spore" straum frå produksjon til forbruk, men når kundane får opphavsgaranti på straumen sin, vil marknaden få ein etterspurnad etter fornybar energi. På den måten er ordninga med opphavsgarantiar eit incentiv til å framme fornybar kraftproduksjon.

Alle kraftleverandørar pliktar å informere kundane om kva energikjelder som vert nytta i Noreg. Norges Vassdrags- og Energidirektorat (NVE) sin nasjonale varedeklarasjon (sjå nedanfor), viser opphavet til straumbruken i Noreg. Noko av straumen er importert kjerne- og kolkraft frå Sverige, Danmark, Finland og Russland.





Leverandørar som ikkje tilbyr opphavsgarantert kraft, nyttar "restblandinga" som er tilgjengelig i kraftmarknaden. Vel du SFE Fornybar sørgjer vi for å dekke forbruket ditt med fornybar energi.
Her er vår opphavsdeklarasjon:
 

 

SFE sel opphavsgarantiar i samsvar med bransjenorma. Denne er utvikla av Forbrukerombodet, energibedrifter og styresmaktene.

Ta kontakt med salsavdelinga vår for å få tilbod på SFE Fornybar til di bedrift.

Kontakt oss

Sogn og Fjordane Energi 
Bukta, 6823 Sandane

   57 88 47 00
   post@sfe.no

Kundesenter: 
   57 88 47 47
   kundesenter@sfe.no

SFE Vakttelefon
  815 21 490