
SFE Fast Bedrift
- full kontroll heile tida
Å kjøpe straum til ein fast pris kan samanliknast med å ha fast rente på eit lån i banken. Vi tilbyr 1-års fastpris til alle våre bedriftskundar, du betaler då same pris per kWH heile året.
SFE Fast Bedrift gjev deg fleire fordelar. Prisen din blir ikkje påverka av ei eventuell prisstigning i marknaden, og du kan lettare berekne dei framtidige straumkostnadane til bedrifta. Ulempa ved å inngå ei fastprisavtale er at du ikkje vil få med deg ein eventuell prisnedgang i marknaden.
SFE Fast Bedrift er for deg som vil unngå prishopp, og vil vite kva straumen kostar til ei kvar tid. Vi tek omsyn til den einskilde bedrifta sin profil og behov når vi gjev tilbod om fastpris. Vi fakturerer etterskotsvis, 6-12 gonger i året, avhengig av storleiken på bedrifta.
Kontakt oss om du ønskjer tilbod på fastprisavtale: