SFE Spot Bedrift
- Straum rett frå børs
Spotpris er den prisen som er i marknaden til ei kvar tid. Det betyr at du får den prisen som SFE kjøper straumen for frå kraftbørsen NordPool, pluss eit avtala påslag.
Spotpris passar for deg som tåler svingingar i kraftprisen. I periodar der straumprisen er låg kjem dette deg direkte til gode, men det er ein større grad av prisrisiko med spotpris enn med våre andre produkt. Er bedrifta di komfortabel med ein pris som varierer, og ikkje har behov for å vite eksakt pris på førehand, kan spotpris vere rett produkt. Snakk med oss dersom du er i tvil om kva produkt di bedrift bør ha.
Vi fakturerar etterskotvis, 6 - 12 gongar i året avhengig av storleiken på bedrifta.