SFE Spot
- Straum til innkjøpspris
Med SFE Spot betaler du den same kraftprisen som vi må betale på den nordiske kraftmarknaden Nord Pool. Noreg er delt inn i fem ulike prisområde (NO1, NO2, NO3, NO4 og NO5), og kvar du bur avgjer kva pris som gjeld for deg som kunde.
Straumprisane på NordPool endrar seg time for time gjennom heile døgnet, og med denne avtala får du alltid ein marknadsrett pris som føl desse svingingane. Sjå dagens spotpris for å finne ut kva som til ei kvar tid er den gjeldande prisen.
Avtala har ikkje bindingstid, og du kan byte til annan avtale kva tid som helst.
Nettleige til det lokale nettselskapet kjem i tillegg.
Alle prisar er inkl. mva.