Flytte frå nåverande bustad til ny bustad

Dersom du skal flytte frå ein bustad til ein annan kan du bruke flyttemeldinga som du finn på Mi side. Merk at du berre kan melde flytting tilbake i tid fordi vi må ha avlesing på flyttedato.

Du må vite utflyttingsdato i tillegg til målarstand for nåverande bustad. I tillegg må du ha namn og mobilnummer på den som tek over abonnementet, eventuelt namn og telefonnummer på huseigar. Dersom ingen skal overta bustaden og anlegget skal stengjast må du gje opplysingar om ein kontaktperson som kan gje oss tilgang til å stengje anlegget.

For bustaden du skal flytte til må du ha anten målarnummer eller namn på huseigar. I tillegg må du vite gateadresse, postnummer, dato for overtaking og målerstand

Hugs dette når du flyttar
Den dagen du flyttar ut, må du levere målarstand til netteigaren din. Netteigar avsluttar då abonnementet på den gamle adressa di. Når du flyttar inn på ny adresse, må du bestille nettleige hos den lokale netteigaren så snart du kan. Har du meldt flytting til SFE, beheld du straumavtala di.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Alternativ lysbruk