Ny konsernsjef i SFE

SFE <picture/>

Knut Arild Flatjord ny konsernsjef i SFE

Knut Arild Flatjord blir Sogn og Fjordane Energi (SFE) sin nye konsernsjef når Johannes Rauboti til neste år går av med pensjon.

I starten av oktober meddelte noverande konsernsjef i SFE, Johannes Rauboti at han ønskjer å gå av med pensjon. Konsernstyret i SFE har gjennom hausten søkt etter ny toppsjef for selskapet, og det var til slutt den interne kandidaten Knut Arild Flatjord som nådde heilt fram.

43-åringen er utdanna automasjonsingeniør og har mastergrad innan økonomi og leiing (MBA). Han var tidlegare regionsdirektør for GK på Vestlandet før han vart tilsett som direktør for SFE sitt dotterselskap SFE Produksjon frå januar i år.

-          SFE er ein fantastisk arbeidsplass med ein solid kompetanse og eit arbeidsmiljø som inspirerer meg kvar einaste dag. Eg har vore interessert i kraftbransjen sidan den gong eg var med å bygge vårt eige småkraftverk i Stardalen tilbake på tidleg 2000-tallet saman med naboane. Eg er stolt av å no få vere ein del av eit selskap og ein bransje som har ei sentral rolle i samfunnsutviklinga og ikkje minst løysinga på klimautfordringane.


100 tilsette
Som konsernsjef blir han øvste leiar i selskapet med 100 tilsette og i tillegg til ansvaret for kraftproduksjon som han har i dag, får han ansvar for forvaltning av alle SFE sine eigarskap, deriblant Linja, Wattn og Enivest. Knut Arild er frå Stardalen og bur i Førde i lag med kone og to born. Han tek til i stillinga1 april neste år.

19 søkjarar

Det var i alt 19 søkjarar til konsernsjefstillinga. Vi er godt nøgde med at så mange søkte, og det var fleire godt kvalifiserte søkjarar seier styreleiar i  SFE Sigurd Reksnes, som har følgande å seie om Flatjord:

-          Knut Arild har gjennom prosessen vist svært gode leiareigenskapar. Han er ein energisk, drivande, og positiv person. Med sitt engasjement , relasjonelle evner, og sine gode kommunikasjonseigenskapar, er vi trygge på at han vil leie og representere SFE på ein god måte. Til tross for kort fartstid i bransjen har han tileigna seg god forståing for kjerneverksemda, og den viktige rolla SFE har som samfunnsaktør.