Ny konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi

SFE <picture/>

Denne veka tok Knut Arild Flatjord over stillinga som konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi. Han erstattar Johannes Rauboti, som har leia selskapet sidan 2015.

Sist haust melde Johannes Rauboti at han ønskte å gå av med pensjon, etter å ha leia konsernet Sogn og Fjordane Energi (SFE) i åtte år. Etter ei omfattande rekrutteringsrunde vedtok styret i konsernet å tilsetje Knut Arild Flatjord som konsernsjef. Flatjord er frå før tilsett som produksjonsdirektør i SFE.

Styreleiar i SFE, Sigurd Reksnes, er full av lovord om innsatsen Johannes Rauboti har lagt ned for SFE-konsernet i ei tid med store endringar i kraftnæringa.

– Johannes har styrt konsernet med stødig hand i ei tid med store organisatoriske endringar og ikkje minst fleire store kraftutbyggingar. I denne perioden har SFE vore mellom dei kraftselskapa i Noreg som har auka produksjonen sin aller mest, seier Reksnes.

Der straumnett og straumsal tidlegare var heileigde verksemder i SFE-konsernet, er desse områda i dag ein del av selskapa Linja og Wattn, som SFE eig saman med andre. Men SFE eig framleis 100% av ei betydeleg produksjonsverksemd, og denne er Flatjord allereie leiar for i dag. Han vil beholde denne rolla i kombinasjon med stillinga som øvste leiar for SFE-konsernet.

– Vi er veldige glade for å ha Flatjord på plass som ny konsernsjef, og at han framleis vil leie produksjonsverksemda. Med svært gode leiareigenskapar og eit offensiv og strategisk tankesett er han rett person for rolla, seier Reksnes.

Knut Arild Flatjord er 43 år og kjem frå Jølster. Han er utdanna automasjonsingeniør og har ein mastergrad i økonomi og leiing (MBA). Tidlegare var han regionsdirektør for GK på Vestlandet, før han kom til SFE i 2023. No ser han fram til å ta fatt på rolla som konsernsjef.

– Først og fremst er eg veldig stolt og audmjuk over å få leie eit selskap med so lange røter og med vasskraftkompetanse i verdsklasse. Mine ambisjonar er å byggje vidare på den solide plattforma SFE har skapt. Vi skal levere på samfunnsoppdraget vårt som er å halde fram med å bygge ut fornybar energi. Vi skal behalde og utvikle lokale arbeidsplassar, og ikkje minst sikre verdiskaping for eigarane våre, seier Flatjord.