Rekordresultat for SFE

SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde i 2023 eit resultat etter skatt på 556 millionar kroner. Det er det beste resultatet nokon gong. Eigarane kan vente seg eit utbyte på 254 millionar kr.

- SFE har vore gjennom ein periode med svært høge investeringar i ny kraftproduksjon og eg er veldig glad for at vi no kan gi våre offenlege eigarar eit godt utbyte. Dette er det høgste utbytet sidan 2008.

Det seier den nye konsernsjefen, Knut Arild Flatjord. Han legg til at resultatet syner at SFE er eit robust selskap som evnar å realisere mykje ny kraftproduksjon som også kastar av seg for dei offentlege eigarane.

- Eigarane våre har vore langsiktige og investert i selskapet i tider der vi har hatt moglegheiter for å så. Derfor er det veldig kjekt at dei no får høve til å hauste av desse investeringane, seier Flatjord.

Han legg til at SFE er eit av selskapa i Noreg med størst prosentvis vekst av ny fornybar energi dei siste åra.

SFE produserte 2030 GWh i 2023. Gjennomsnittleg kraftpris i prisområde NO3, der SFE har 85% av sin kraftproduksjon, var 44 øre/kWh. Dette var på nivå med året før, men samstundes 32 øre/kWh lågare enn i prisområdet lenger sør på Vestlandet.

Gevinst frå fusjonen av Linja

I mars 2023 vart straumnettselskapet Linja slått saman med Mørenett. Det gjer at kraftproduksjon no er SFE si kjerneverksemd. Straumsal til privat- og bedriftsmarknaden er det selskapet Wattn som gjer etter at SFE slo sitt straumselskap SFE Kraft saman med Sognekraft, Tafjord og Tussa sine verksemder for straumsal i 2021. Både Linja og Wattn er deleigde selskap i SFE-konsernet.

Rekneskapsmessig gevinst frå samanslåinga av Linja er inntektsført med 240 milllionar kroner. SFE si netto lånegjeld er redusert med 1 290 millionar kroner etter fusjonen, noko som betyr at SFE er vesentleg styrka finansielt.

Ny produksjonssentral på Sandane

SFE har nyleg investert i ein ny produksjonssentral på Sandane. I tillegg til å overvake og styre kraftproduksjonen til selskapet, jobbar dei tilsette her med å skape meirverdiar frå kraftproduksjonen. Sentralen er døgnbemanna og sysselset ti personar.

- Mange av SFE sine kraftverk har stor magasinkapasitet. Dette gir oss ei evne til å regulere opp og ned kraftproduksjonen ut frå kva marknaden treng og etterspør, noko som gir potensial for høgare verdiskaping. Produksjonssentralen gjer det mogleg for oss å vere meir aktive på dette området, seier Flatjord.

Mange nye tilsette

I løpet av 2023 har SFE styrka laget med 14 nye tilsette, og selskapet ser føre seg å tilsette fleire i tida som kjem.

- I tillegg til to nye forretningsområde som omfattar grøne investeringar og småkraft, vil også kjerneverksemda vår innan kraftproduksjon ha behov for fleire framover. SFE er, som bransjen elles, i eit generasjons- og teknologiskifte, men vi har så langt lukkast godt med å tilrekke oss solid kompetanse, seier Flatjord.

Fordeling av utbyte

Slik fordeler utbytet seg mellom eigarane (tal i MNOK). Sogn og Fjordane Holding AS er eigd av Vestland Fylkeskommune og 18 kommunar frå tidlegare Sogn og Fjordane fylke.

 

Aksjonærar

Utbyte MNOK

Sogn og Fjordane Holding AS

125,74

Eviny AS

93,46

Kinn kommune

11,78

Gloppen kommune

8,77

Bremanger kommune *)

6,27

Stad kommune

4,0

Askvoll kommune

3,75

Sunnfjord kommune

0,19

SUM

253, 9


*)Bremanger kommune eig sine aksjar gjennom selskapet Bremanger Eigedom AS.