Velkomen til Kraft i Vest

For femte år på rad har vi gleda av å ønskje deg velkomen til Kraft i Vest på Sandane. 28. og 29. september 2017 er det duka for energikonferansen som er ein arena  der næringsliv, politikarar, myndigheiter, akademia og andre møtast for å lære om og diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet.

Vi er alt i gang å setje saman eit spennande program og foredragshaldarar vert offentliggjort når programmet er klart. Då opnar vi også for påmelding. Det vil også i år vere ein eigen parallellsesjon med tema småkraft.

Informasjon om Kraft i Vest vert sendt til alle tidlegare deltakarar. Ønskjer du ein e-post når påmeldinga opnar, klikk her.

Med oss på laget i arrangementet har vi Gloppen Hotell, som syter for den gode stemninga og nydeleg lokalmat.

Kraft i Vest vert arrangert i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen i Sogn og Fjordane. Konferansen skjer samstundes som Sogn og Fjordane si lokale matmesse Matamål på Sandane, og vi byr på kortreiste delikatesser både til lunsj og middag.

Håpar vi sjåast på Sandane 28. og 29. september!

Sjå tidlegare program:
Kraft i Vest 2016
Kraft i Vest 2015
Kraft i Vest 2014
Kraft i Vest 2013

 


Her kan du høyre kva nokre av tidlegare deltakarar tykte om Kraft i Vest.

Sparetips

Bruk tidsur