Boliden Odda vann Drivprisen 2021

Boliden, Zinus, 7Analytics

I konkurranse med 7Analytics og Zinus var det Boliden Odda som vann  førsteplassen i kåringa av Drivprisen 2021.

Beviset fekk administrerande direktør Helene Seim hos sinkverket Boliden Odda onsdag ettermiddag. Det skjedde under næringskonferansen Kraft i Vest på Sandane. 

- Først og fremst var det veldig kjekt å bli nominert, og så er det sjølvsagt endå kjekkare å få førsteplassen! Dette er ein pris eg deler med alle dei 300 tilsette i Boliden Odda, seier Seim etter utdelinga.

Tre verdige bedrifter

Dette er tredje året at denne prisen vert delt ut. Drivprisen er ein grøn innovasjonspris i Vestland fylke, der målet er å løfte fram innovative idear med eit ekstra stort potensial til å setje fart på det grøne skiftet. Prisen er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Vestland Fylkeskommune.

Vinnaren får 200 000 kroner, medan dei to andre på pallen, Zinus frå Rubbestadneset og 7Analytics frå Bergen, får høvesvis 50 000 og 30 000 kroner.

- Etter mange gode nominasjonar sat vi igjen med tre verdige vinnarkandidatar. Alle desse representerer Vestland på ein veldig god måte i det grøne skiftet, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi og jurymedlem i Drivprisen.

Derfor vann Boliden Odda

Helene Seim uttalte nyleg at Boliden Odda med ei stor investering skal gjere dei til ein av dei mest effektive sinkverka i verda. Allereie produserer dei produkta sine med svært lågt CO2-avtrykk, men som vil bli ytterlegare redusert når Boliden ekspanderer. Dette skal gjerast gjennom digitalisering og ny teknologi.

- Prosjektet dei no skal i gang med er veldig spennande, og ekspansjonen som skal gjennomførast i Odda har stor betydning for Vestlandet og den grøne omstillinga. Boliden Odda er heilt klart ein verdig vinnar av Drivprisen 2021, seier Trond Teigene, jurymedlem og administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Dette er topp tre i Drivprisen 2021:

Boliden Odda: Ei stor bedrift som stadig er i vekst, og som produserer sink på ein berekraftig måte. Boliden produserer i dag produkta sine med eit lågt karbonavtrykk, og dei jobbar kontinuerleg med å forbetre seg. Metall er viktig i det grøne skiftet, og ekspansjon i Odda gjer at dei nødvendige metalla i det grøne skiftet også blir produsert med lågt CO2-avtrykk. 

Zinus: Dei held til i Rubbestadneset i Bømlo kommune, og er ein leiande leverandør av landstraumsprodukt og autonome ladeløysingar for hamner og skip. Dei utviklar eigne produkt frå si tekniske avdeling, der dei både bygger prototypar og testar. Zinus sine løysingar bidreg til ein stor utsleppsreduksjon i ei næring som består av mykje fossilt brennstoff.

7Analytics: Ei spennande og fersk bedrift frå Bergen som gjekk inn i 2021 med to tilsette. No er dei åtte, og har store planar om å tilsette mange fleire i løpet av dei neste åra. Dei utviklar software som skal sørge for berekraftig overvasshandtering, samt hjelpe dei ansvarlege som skal styre vatn/avløp for å sikre at det ikkje oppstår flaum. Deira unike flaumkube skal førebygge skader på bustader, infrastruktur og menneske.

Juryen for Drivprisen er:

  • Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi
  • Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
  • Gro Anita Fonnes Flaten, prorektor for forsking ved Høgskulen på Vestland
  • Bård Sandal, fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke
  • Nina Broch Mathisen, direktør for Innovasjon Norge Vestland