Corvus Energy vann DRIV-prisen

SFE <picture/>

Corvus Energy er den aller første vinnaren av DRIV-prisen

– Det er ei stor ære for oss å bli anerkjend på heimebane!

Det seier Geir Bjørkeli, administrerande direktør i Corvus Energy like etter dei har fått det synlege beviset på at dei er tidenes første vinnar av DRIV-prisen.
Prisen fekk dei på Kraft i Vest-konferansen på Sandane torsdag ettermiddag.

Verdsleiande batteriteknologi
DRIV-prisen er ein heilt ny grøn innovasjonspris i Sogn og Fjordane og Hordaland, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sparebanken Sogn og Fjordane, Høgskulen på Vestlandet, Innovasjon Norge og Sogn og Fjordane Fylkeskommune.
38 kandidatar var utgangspunktet, før juryen tidlegare i haust plukka ut Florø-selskapet Evoy og dei to Bergens-bedriftene Corvus Energy og Bergen Carbon Solutions som dei tre vinnarkandidatane.

Selskapet som til slutt gjekk heilt til topps vart altså Corvus Energy, medan Bergen Carbon Solutions vart nummer to og Evoy nummer tre.

– Det er veldig flott å komme inn i historiebøkene. Vi er veldig stolte over at vi blir lagt merke til og verdsett på denne måten, seier administrerande direktør Bjørkeli i Corvus Energy.

I tillegg til at Corvus Energy for evig og alltid vil vere den aller første vinnaren av DRIV-prisen, får dei også med seg 200 000 kroner. Andre- og tredjeplassen fekk 50 000 og 30 000 kroner.

DRIV-prisvinnaren er ein pioner innan maritime batteripakkar og energilagringssystem. Teknologien dei har utvikla er verdsleiande og dei skal no levere verdas største batteripakkke til AIDA, verdas største cruiseselskap.

Dette var utslagsgjevande
I juryen sat Johannes Rauboti (konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi), Trond Teigene (administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane), Berit Rokne (rektor på Høgskulen på Vestlandet), Bård Sandal (fylkesdirektør innovasjon og næringsutvikling i Vestland fylke) og Nina Broch Mathisen (direktør for Innovasjon Norge Vestland).
Det var Trond Teigene som fekk æra av å offentleggjere vinnaren etter at Evoy først fekk si heider for 3.-plassen. På vegne av juryen sa Teigene følgande om dei to bedriftene frå Bergen som det heilt til slutt sto mellom:

– Begge desse to bedriftene har bevist at dei har utvikla produkt som er både solide bidrag til det grøne skiftet og etterspurde, og som har potensial til å endre marknaden i åra framover. Men eitt av selskapa er kome lenger i kommersialiseringa, og dette var utslagsgjevande for juryen. Den første DRIV-prisen går difor til Corvus Energy, sa Teigene.

– Det er ei stor ære for oss å bli anerkjend på heimebane, det at vi blir lagt merke til. Det gjeld både på innovasjonsbiten, men også at vi har klart å kommersialisere dette og få det ut i verda, seier Bjørkeli om juryens grunngjeving.