Enormt verditap for kraftkommunar

SFE <picture/>

Regjeringa si skattepakke gir eigarane til Sogn og Fjordane Energi åleine eit verditap på 2 milliardar kroner, og truleg eit negativt resultat for 2022 på 100 millionar kroner eller svakare. Dei seinare åra har eigarane bidrege til store investeringar i selskapet.

For fem år sidan henta Sogn og Fjordane Energi (SFE) inn over 200 millionar kroner i ein emisjon for å investere i ny kraftproduksjon. Investeringa vart gjort av Sogn og Fjordane Fylkeskommune, som var største eigar, saman med seks eigarkommunar i Nordfjord og Sunnfjord.

– Svært gledeleg å få denne tilliten frå eigarane, og det er viktig for satsinga framover, sa konsernsjef Johannes Rauboti i SFE den gong.

Straffast for investeringsvilje

I førre veke la regjeringa fram eit statsbudsjett som reduserer eigarane sine verdiar i selskapet med 2 milliardar kroner. I tillegg syner prognosar at resultatet for 2022 blir redusert med rundt 250 millionar kroner, frå 150 millionar i pluss til eit negativt resultat på 100 millionar kroner eller svakare, som følge av skatteendringane.

SFE er i dag eigd av Vestland fylkeskommune, og samtlege kommunar i tidligare Sogn og Fjordane fylke. Resten er eigd av Eviny, der majoriteten igjen er eigd av kommunar frå Vestland fylke.

Nasjonale styresmakter har heia fram investeringar i fornybar energi. Gjennom emisjonen i SFE investerte fleire relativt små distriktskommunar store millionbeløp for at selskapet skulle få handlingsrom til å bygge ut meir fornybar energi. Dei har også hatt ein investeringsvennlig utbyttepolitikk, der dei har henta ut lågare utbytte for å bidra til investeringar, ifølgje konsernsjef Johannes Rauboti.

– Med eit pennestrøk har regjeringa no straffa disse kommunane for investeringsvilja og bidraget til utvikling av meir fornybar energi. Dei har teke vekk verdiskapinga den investeringa dei gjorde for få år sidan skulle føre til. Det er nesten ikkje til å tru, og eg spør meg kva dette gjer med investeringsvilja til å bidra i den viktige energiomstillinga samfunnet står overfor, seier Rauboti.

Grunnrente er ei avkastning av naturressursar, og skatten skal vere ein ekstra skatt for knappe, nasjonale naturressursar. Denne skatten går i sin heilskap til staten. I regjeringa sin skattepakke aukast grunnrenteskatten frå 37% til 45%. Med selskapsskatten i tillegg vert skatteprosenten for dei store vasskraftprodusentane dermed 67%.

Allereie tungt skattlagt

– Vi støttar at fellesskapet skal ta del i verdiskapinga av felles naturressursar. Men vasskrafta er tungt skattlagt gjennom ein grunnrenteskatt som allereie er svært høg, seier Rauboti.

Han får støtte frå bransjeforeninga Energi Norge, som etter at statsbudsjettet vart lagt fram i førre veke karakteriserte det som «et klimafiendtlig kommuneran».

– Fornybarnæringa estimerast til å allereie bidra med over 70 milliardar kroner i ekstrainntekter til staten i år. Det er om lag dobbelt så mykje som regjeringa si straumstøtte. Det kjem på toppen av dei 65 milliardane næringa normalt tilfører – eit beløp som tilsvarar eit ordinært forsvarsbudsjett, uttalte Energi Norge.

– Vi skal betale ein fornuftig skatt med glede, men den kan ikkje vere så høg at viktige kraftprosjekt ikkje lenger er lønnsame, eller at eigarane ikkje lenger ønskjer å bidra til den viktige energiomstillinga gjennom sitt eigarskap i kraftselskapa. Det er eit stort paradoks at dette kjem no, når det er tydelegare enn nokon gong kor viktig det er med investeringar i ny fornybar energi, seier Rauboti.

Må revurdere utbyggingar

Fleire kraftselskap har den siste veka uttalt at dei kjem til å skrinlegge eller revurdere store utbyggingar, som følgje av regjeringa si skatteendring. Rauboti trur ikkje dette er tomme truslar, og seier SFE også gjer slike vurderingar.

– For vår del står vi overfor vedtak på to konkrete vasskraftutbyggingar, og må vurdere kva vi kan forsvare å bygge ut. Den eine er ei ny utbygging med svært stor reguleringsevne – ein eigenskap som blir spesielt viktig for kraftsystemet framover – og dette prosjektet er det ein sannsynligheit for at vi kjem til å skrinlegge slik skattepakken er innretta. Det andre er ei rehabilitering, og der kan det godt vere vi må gå for ei løysing med ein mykje lågare reguleringsevne enn vi elles ville gjort, seier Rauboti.

Sjå her for presentasjon frå møte med SFE sine eigarar 10.10.2022 om skatteendringane på kraftproduksjon

For meir informasjon, kontakt:

Johannes Rauboti, konsernsjef
916 45 264 eller johannes.rauboti@sfe.no

Martin Holvik, økonomidirektør
916 95 234 eller martin.holvik@sfe.no