137 millionar i halvårsresultat for SFE

SFE <picture/>

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt på 137 millionar kroner i første halvår 2021. 

Trass i at året har vore sjeldan tørt så langt, har produksjonen første halvår vore på 940 GWh, som er omtrent som fjoråret med 937 GWh.

- 2021 har so langt vore nedbørsfattig og vi er tilfredse med at vi har hatt ein normal produksjon. SFE har mange kraftverk med god magasinkapasitet og den produksjonsfleksibiliteten desse gir i tørrår har stor verdi, seier konsernsjef i SFE Johannes Rauboti.

Kontrast frå i fjor

Fjoråret var ein kontrast til i år med mykje meir nedbør enn normalt og svært låge prisar. Likevel er SFE sitt halvårsresultat dei to åra omtrent det same. At SFE sitt halvårsresultat ikkje viser auke samanlikna med i fjor, på tross av ein sterk auke i kraftprisane, skuldast i hovudsak inntektsføring av urealiserte gevinstar på kraftkontraktar første halvår i fjor på 94 mill. kr.

- SFE og veldig mange andre kraftselskap sikrar delar av den framtidige kraftproduksjonen. Prissikring bidreg til å glatte ut store svingingar i inntekta og er eit ledd i å styre risiko. Prissikring gjorde at vi i fjor oppnådde eit godt resultat i eit år der kraftprisen var veldig låg. I år har straumprisen vore høg og høgare enn den prisen vi har prissikra krafta til.

Ein viktig del av løysinga

SFE investerer store beløp i ny fornybar energi, og har snart Jølstra  vasskraftverk i drift saman med BKK. Østerbø vasskraftverk i Høyanger vart sett i drift hausten 2020. I tillegg er Lutelandet vindkraftverk under bygging og skal stå klar i haust.

- I sum vil dei nye anlegga våre gje straum til nær 30 000 husstandar. Det er motiverande å tenkje på at SFE med alle tilsette i likskap med resten av bransjen er ein viktig del av løysinga på klimakrisa, seier Rauboti.