Linja søkjer konserndirektør nett

SFE <picture/>

Konserndirektør Nett leier arbeidet med bygging, drift og utvikling av framtidas kraftnett i nordlege deler av Vestland Fylke. I denne stillinga er ein også dagleg leiar av ein organisasjon med 140 tilsette som er ansvarleg for samfunnskritisk infrastruktur.

Det grøne skiftet gir moglegheiter og utfordringar. Å utvikle og ta i bruk ny teknologi, få fram nye løysingar og driftsmodellar vil vere sentralt med tanke på rolla som ein viktig utviklingsaktør og for å avgrense store framtidige nettinvesteringar. I denne stillinga må ein balansere økonomi, kapasitet, og leveringssikkerheit i eit geografisk krevjande nettområde.

Stillinga rapporterer til konsernsjef, inngår i konsernleiinga, og det blir forventa at vedkommande er ein aktiv bidragsytar i SFE sitt arbeid med å gjere regionen klimanøytral og digital.

Alle førespurnader blir om ønskjeleg handsama konfidensielt, i innleiande del av prosessen. Det vil bli sett opp offentleg søkjarliste.  Det kan gjerast unntak frå offentlegheit dersom søkjar ber om det. Ver merksam på at opplysningar om ein søkjar likevel kan bli offentleggjort. Søkjar vil bli varsla dersom unntak frå offentlegheit ikkje blir innvilga.

Tilsettinga blir handtert av leiar rekruttingsselskapet Visindi. Har du spørsmål om stillinga, ta kontakt med Visindi ved Nils Jørgen Tømmerås, tlf. 971 84 166 eller Renee Davadi, tlf. 988 94 662.

Gå til utlysinga av stillinga på Visindi.