Kraft i Vest 2020

SFE <picture/>

For åttande året på rad arrangerer vi ein av landets største kraftkonferansar - med høgaktuelle innleiarar og tema.

Konferansen samlar næringsfolk frå heile Noreg, energibransje, finansnæring, politikk og kunnskapsmiljø. Det er Sogn og Fjordane Energi, Vestland Fylkeskommune, Høgskulen på Vestlandet og Sparebanken Sogn og Fjordane som står bak. 

Årets tema er "Kampen om naturressursane" og kva rolle teknologiutviklinga har som løysing på klimakrisa. Vi ser konfliktar mellom naturvern og bruk av naturen til mellom anna energiutvinning. Kva er ansvarleg forvaltning av naturressursar, kva politikk fungerer, kva skjer med utvikling av ny teknologi som ein kritisk del av løysinga? Vi inviterer sentrale politikarar, toppleiarar frå mellom anna olje- og energibransjen, representantar for naturvern med meir. 

  • Nær 300 deltakarar
  • Innhaldsrikt med innleiarar frå nasjonalt, regionalt og lokalt næringsliv
  • Sentrale politikarar med innlegg og debatt
  • Festmiddag med kortreist gourmet mat på Gloppen Hotell og stemningsfull musikk frå norsk artist
  • Programmet og innleiarar vil bli lansert stegvis fram mot sommaren. 

Følg med for meir informasjon om påmelding og program.