Velkomen til Kraft i Vest

I år møter du mellom anna tidlegare statsråd Anniken Hauglie, Kikki Kleiven frå Bjerknessenteret og Agathe Schjetlein i Finans Norge. Temaet er "Vi skapar den fornybare framtida".

Vi ser blant anna på kva rolle teknologiutviklinga har i løysinga på klimakrisa og kva nye moglegheiter den grøne omstillinga skaper.

På Kraft i Vest får du saman med andre, gode faglege diskusjonar, påfyll av relevante tema og lokalmat av høg klasse. Det er ein ære å ønskje deg velkomen til Kraft i Vest 22.-23. september 2021!

Det løner seg å vere rask med påmelding. På grunn av covid-19 har vi eit avgrensa tal billettar.

Meld deg på.

Festmiddag med underhaldning frå Herborg Kråkevik


Onsdag kveld blir det festmiddag på Gloppen Hotell, med ei trerettars smaksoppleving frå Nordfjord sitt unike spiskammers. Hotellet har eit eineståande samarbeid med lokale bønder og har vunne ei rekke prisar for lokalmaten sin.

For å gjere festmiddagen komplett, har vi med oss Herborg Kråkevik som musikalsk reisefølgje gjennom kvelden.

DRIV-prisen


Under Kraft i Vest skal vi også dele ut den grøne innovasjonsprisen Drivprisen. Kjenner du bedrifter/gründerar som bør vinne Drivprisen 2021? Nominer innan 31.august på drivprisen.no.