Jobbe med vind og vatn i Bremanger?

07.11.2019

Vind- og vasskrafta er meir enn eit viktig bidrag til dei globale klimautfordringane vi sår ovanfor. Vinden og vatnet har også krafta til å skape verdiar lokalt. Ikkje minst når det gjeld å skape verdifulle lokale arbeidsplassar. 

Sogn og Fjordane Energi er regionen sitt eige energiselskap, og ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Vi er opptekne av at fellesskapet si fornybarkraft også skal vere ei lokal skaparkraft.

Med bakgrunn i SFE si vind- og vasskraftsatsing i Bremanger er vi på søken etter:

  • Driftsleiar Vindkraft
  • Fagarbeidarar Elektro
  • Fagarbeidarar Mekanisk

Sogn og Fjordane Energi sitt hovudkontor ligg på Sandane i Gloppen kommune. 25 av våre dyktige medarbeidarar held allereie til i Bremanger kommune - og fleire vil det bli. Du vil bli ein viktig tilvekst til våre sterke og engasjerte fagmiljø i området.

Svelgen eller Ålfoten vil vere oppmøtestad for stillingane.

Gå til søknadsportal.

Søknadsfrist 1.desember 2019