Seminar om miljø i regulerte vassdrag

14.01.2020
SFE <picture/>

Torsdag 9. januar var det seminar i Sogndal om miljøforhold i regulerte vassdrag. Bakgrunnen var at Fylkesmannen si miljøvernavdeling og kraftselskapa i Sogn og Fjordane i 25 år har samarbeidd om kartlegging av status og tiltak for fisk i reguleringsmagasin og regulerte elver – det såkalla Regulantprosjektet. Prosjektet har koordinert fiskebiologiske granskingar som eit alternativ til einskilde pålegg for dei ulike vatn og elvar.

«Når vi no avsluttar prosjektet i den forma det har hatt hittil, var det viktig for styringsgruppa å formidle kva kunnskap prosjektet har bidratt med. Det synest eg vi greidde bra i dag», sa fagleiar for miljø i SFE Produksjon, Ragna Flatla Haugland etter seminaret. Ho har i mange år vore i styringsgruppa for prosjektet og har vore sentral i å planlegge seminaret.

Tema som fisk og fiske i reguleringsmagasin, kunnskapsbasert fiskeforvalting, døme på mindre biotoptiltak i regulerte vassdrag, flaumtiltak og vilkårsrevisjonar var med å bidra til god påmelding.

Mange dyktige folk frå Fylkesmannen i Vestland, Hafslo grunneigarlag, Norce LFI, E-CO Energi, Statkraft, Hydro og SFE Produksjon sto på talarlista.

«Det var eit godt, variert og interessant program om ulike sider av miljøforhold i regulerte vassdrag. Ein kan vere stolte av eit godt miljøarbeid og topp miljøkompetanse» sa direktør for SFE Produksjon Ola Lingaas. 

Vasskraftregulantane og Fylkesmannen i Vestland ønskjer å halde fram det gode samarbeidet innan temaet vassdragsmiljø, og det vert truleg fleire samlingar i åra som kjem.