SFE Nett blir til Linja

SFE <picture/>

Endringar i lovverket krev eit tydeligare skilje mellom nettselskapa og resten av energiselskapa. Dette gjer at mange nettselskap no må skifte namn. SFE Nett sitt nye namn vert Linja.

Konserndirektør Nett, Asgeir Aase er godt nøgd med det nye namnet, som er basert på ein intern namnekonkurranse.

Vi ønskte eit namn som seier noko om kva vi driv med og som var lett å hugse. Vi er godt nøgde med at vi kom fram til eit nynorsk namn som passer godt til kven vi er som selskap. Etter ein omfattande prosess med brei involvering frå tilsette kom vi fram til namnet Linja AS.

Trer i kraft neste år
Dei nye endringane i lovverket som trer i kraft ved årsskiftet fører med seg fleire endringar for energikonsern slik som SFE. NVE krev at nettverksemdene skil seg tydeleg frå både straumproduksjon og sal av straum fordi nettleveransen er monopolverksemd.

Dei fleste endringane i samband med nye reglar skjer innanfor energiselskapa, og er ikkje noko folk flest har eit forhold til. Det vil ikkje ha betydning for kundane våre anna enn dei vil sjå ein ny logo og nytt namn på fakturaen, mange av bygga og SFE-bilane, samt arbeidstøyet til energimontørane. Overgangen vil skje gradvis. Mange har nok oppdaga at namnet på fakturaen har endra seg. Bilar og arbeidskle for montørar vil også få ny logo i løpet av første halvår 2021.

Straumnett som ledd i klimakampen
Asgeir Aase seier at nettleverandørane har ei særs viktig rolle i det grøne skiftet.

Linja må til for å frakte straumen gjennom djupe dalar og over breie fjordar fram til folk, og har gjennom historia vore sjølve livsnerven i samfunnet. På same måte er linja avgjerande for å lykkast med elektrifiseringa av samfunnet framover. Eit sterkt straumnett er ein grunnpilar når vi no skal redusere utsleppa i samfunnet gjennom å få tunge sektorar som mellom anna transport, petroleumsproduksjon, og maritim sektor over på fornybar straum.

SFE-namnet består
- Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil framleis bestå som selskapsnamn på resten av konsernet, det er berre nettverksemda som byter namn, seier konserndirektøren.

Linja AS vil vere 100% eigd av SFE-konsernet slik SFE Nett har vore. Namnebytet frå SFE Nett til Linja skjer i praksis ved årsskiftet.