Store inntekter frå Bremangerlandet

SFE <picture/>

Når Bremanger kommunestyre skal handsame dispensasjonssøknaden frå Bremangerlandet Vindpark, tek dei samstundes stilling til ei av kraftutbyggingane som vil gi størst inntekter til kommunen dei neste 25 åra.

Sidan Olje- og energidepartementet ga konsesjon til Bremangerlandet vindkraftverk i 2017, er det gjort fleire justeringar for å styrke prosjektet sin natur- og miljøprofil ytterlegare, og verdiskapinga er auka.

Minst 300 millionar i verdiskaping

Prosjektet som inneber ei investering på meir enn 1 millard kroner, vil over ein periode på 25 år skape verdiar for kommunen, innbyggarane og næringsliv for minst 300 millionar kroner. Ei verdiskaping som kan bidra positivt med omsyn til arbeidsplassar, utvikling av gode tenester og tilbod til innbyggarane, og auka tilflytting. 

Som ein eingongskompensasjon vil kommunen motta 32,5 millionar kroner som direkte kompensasjon for at ilandføring av turbinar kan skje frå kaia på Oldeide, og ikkje Smørhamn - ei endring som NVE har uttalt er “det mest samfunnsmessig rasjonelle alternativet”. Denne summen står kommunen i utgangspunktet fritt til å disponere til dei tiltaka kommunen ønskjer.

7-10 millionar i årleg i skatteinntekt

I tillegg vil kommunen motta ca 7 millionar kroner årleg i eigedomsskatt. Dette er ein skatt som utbyggar garanterer til kommunen uavhengig av om kommunen skulle velje å avskaffe slik skatt, eller skattelegging av andre grunnar fell vekk eller blir redusert i perioden som følgje av nasjonale føringar. 

Truleg vil dei årlege skatteinntektene bli endå høgare. Både kommunesektoren og kraftbransjen sine organisasjonar, og eit fleirtal i Stortingets energi- og miljøkomite, har fremja ønskje om at kommunane blir kompensert meir for utbygging av vindkraft. Dette er noko SFE og Bremangerlandet Vindpark også støttar opp om. Ei slik endring er venta i revidert nasjonalbudsjett til våren, og det mest konkrete forslaget er ein naturressursskatt som gir 1,1 øre pr kilowattime til vertskommunen. For Bremanger kommune betyr det i såfall ein auke i dei årlege skatteinntektene frå Bremangerlandet vindkraftverk på 3,3 millionar kroner, noko som gir samla skatteinntekt på over 10 millionar kroner årleg frå Bremangerlandet dei neste 25 åra.

Store summar til bulyst og friluftsliv

Også lokalsamfunnet på Bremangerlandet vil oppleve verdiskaping. Grunneigarane mottek inntekter som mange av dei har uttalt gir betydeleg auka verdiskaping og livsgrunnlag på gardsbruk og utmark. Grunneigarane har dessutan uttalt at dei vil nytte rundt 9 millionar kroner til tiltak for friluftsliv og bulyst på Bremangerlandet - ein sum lokalsammunet sjølv skal bestemme korleis skal fordelast.

Erfaringar frå Hennøy og Guleslettene syner dessutan stor lokal sysselsetting og leveransar frå lokale verksemder i utbyggingsfasen, samstundes som driftsfasen vil gi små og store kjøp av varer og tenester lokalt. Driftsperioden vil i tillegg gi 6 fulltids kompetansearbeidsplassar i Bremanger, der selskapet Bremangerlandet Vindpark AS også vil ha si forretningsadresse.

Lokalt eigarskap

Eigarskapen til vindkraftverket er lokal, og utbygginga skjer i lokal regi. Som stor kommunal eigar av Sogn og Fjordane Energi (SFE), vil Bremanger kommune derfor få sin del av selskapet sin verdiskaping frå kraftutbygginga, i form av årlege utbyte. Dei seinaste ti åra har SFE investert rundt 500 millionar kroner i nettanlegg og meir enn 1,7 milliardar kroner i kjøp og reinvesteringar i kraftproduksjonsanlegg i kommunen, herunder heimkjøp av Svelgen-anlegga. Vi håpar politikarane den 17. desember vil gi si støtte til nok ei investering som vil skape verdiar, arbeidsplassar og utvikling i kommunen. 

Ola Lingaas, konserndirektør produksjon i SFE