ER DU VÅR NYE SYSTEMUTVIKLAR?

07.12.2018
SFE <picture/>

SFE sin visjon er «kraft til å påverke framtida». Å levere energiløysingar for framtida krev at vi også utviklar oss som organisasjon. At vi evnar å utforske nye moglegheiter, ta i bruk ny teknologi, samt utvikle våre digitale verktøy og applikasjonar. Dette for å kunne møte framtidige behov, og oppretthalde våre fortrinn

Derfor søkjer vi no etter ein systemutviklar (back-end/full-stack) som vil vere sentral i våre digitale utviklingsprosjekt innan fornybar kraftproduksjon. Kanskje er det deg, eller kanskje du kjenner nokon som kan vere interessert? Les meir om stillinga her, og hjelp oss gjerne å spreie ordet!