VIKTIG INFO VED UVÊR

13.01.2018
SFE <picture/>

Seinhaust og vinter er ein periode med mykje vind og vêr her på Vestlandet. Inn i mellom kan dette også råke straumnettet.

I eit uvêr er det svært viktig å hugse på følgjande:

  • Ein må aldri gå bort til leidningar som har falle ned. Her må ein halde god avstand!
  • Ein må aldri ta på tre og andre gjenstandar som ligg over leidningar. Det er viktig å halde seg på god avstand.
  • Det kan vere livsfarleg å vere i kontakt med leidningar og tre/gjenstandar som er i kontakt med leidningar.
  • Nettselskapet må varslast dersom ein kjem over slike tilfelle.