Vindkraft for lokal utvikling og eit betre klima

SFE <picture/>

Bremangerlandet Vindpark AS har fått ein rettskraftig konsesjon til å nytte dei gode vindressursane på Bremangerlandet til å produsere fornybar energi tilsvarande omlag det årlege forbruket til alle husstandar i Nordfjord. Dette engasjerer, og det har vi både respekt og forståing for. Når vi utnyttar våre felles naturressursar er det positivt med både grundige prosessar og stort engasjement.

Det er ei ærleg sak å vere mot vindturbinar, like mykje som det må vere rom for å meine at fordelane med vindkraft overstig ulempene. Berre tida vil vise kva som i dag legg best til rette for at dei framtidige generasjonane får det like bra som dagens generasjonar. Vi trur løysinga ligg i balansen mellom ei utfasing av fossile energikjelder og ei bærekraftig utnytting av naturressursane. Inngrep er uungåeleg, men når fordelane blir sett opp mot ulempene så må sluttsummen vere positiv. Nokre påstår at vindkraftverka raserer naturen for framtidige generasjonar. Men kanskje vil desse framtidige generasjonane takke oss for at vi fann oss i å sjå vindturbinar i himmelsjå eller i turterrenget vårt, dersom det bidrog til å redusere den negative påverknaden klimaet kan ha på både natur, dyreliv og folk sin livskvalitet? Om vi i tillegg kan skape verdiar for grunneigarar og kommunar, fleire arbeidsplassar og eit straumnett som legg til rette for meir næringsutvikling, så meiner vi det er positive bidrag til lokalsamfunnet.

FNs ressurspanel har peika på at vindkraft er den fornybare energiproduksjonen som krev desidert minst arealbruk per eining elektrisitet som blir produsert. For Bremangerlandet vindpark er det berre ca 2 % av anleggsområdet som blir bebygd med oppstillingsplassar, vegar eller bygningar. Resten av området kan nyttast som før. Vi trur vindkraft og aktiv bruk av naturen kan leve side om side. Midtfjellet vindpark på Fitjar er rundt 2,5 gongar så stor som Bremangerlandet vil bli, men der marknadsfører Visit Sunnhordland området på følgjande måte: “Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar, sykkelturar, motbakkeløp, skileik, fisketurar og familieturar i omgjevnader der dyre- og fuglelivet er rikt. Kulissane med dei majestetiske vindmøllene gjer det heile unikt og spesielt”. Vi seier ikkje at alle skal sjå det slik, men det syner at nokre ser vindkraftanlegg som noko positivt.

I Noreg har vi mange område med rike vindressursar. For å møte dei enorme klimautfordringane som vi og framtidige generasjonar står overfor, så meiner vi det er viktig å utnytte delar av dette potensialet til å produsere fornybar energi. Det ikkje mogleg å klare ei omstilling frå fossile til fornybare energikjelder utan noko form for naturinngrep, utan endring i arealbruk eller visuell utforming. Som utbyggar jobbar vi likevel målretta for å hente ut så mykje fornybar energi som mogleg, med minst mogleg inngrep - innanfor dei rammene som er realistiske i dag. Og her ligg litt av sakas kjerne; mange av alternativa til vindkraft på land vil ta åresvis å realisere av teknologiske og økonomiske grunnar. Og då er spørsmålet om Noreg og det internasjonale samfunnet har råd til å vente, for å møte klimautfordringar som krev at vi handlar i dag.

SFE og vindkraft