TRAINEE I SFE

SFE <picture/>

Å vere trainee er ein perfekt start på karriera. SFE har vore traineebedrift heilt sidan 2004, og vi er partnar i Framtidsfylket Trainee - eit av dei beste og mest omfattande traineeprogramma i Noreg.

I SFE arbeider vi kvar dag med å skape ei fornybar framtid. Skal vi lykkast med å demme opp for dei største klimaendringane, må verda, Noreg og vi som lokalsamfunn handle. Ei berekraftig framtid er avhengig av stadig meir fornybar energi. Med utvikling av vass- og vindkraft, og elektrifisering, bidreg SFE til klimamåla. Og det skal vi gjere ved å forvalta naturressursar til det beste for felleskapet.

Som trainee hos oss er du en del av Framtidsfylket sitt traineeprogram i lag med 24 andre trainee'ar i andre verksemder i Vestland fylke. Du deltek på fagsamlingar der det er fokus på tema kring det å vere i starten av karriera, og du blir kjent med lokalt næringsliv. Du har ein fagleg mentor som følgjer deg tett i arbeidet ditt.

Søknadsfrist er vanlegvis i mars. Les meir om traineeprogrammet på www.framtidsfylket.no