ARBEID NÆR KRAFTLINJE

SFE <picture/>

Dersom det skal utførast arbeid med anleggsmaskiner nærare enn 30 m frå høgspentlinjer skal netteigar varslast. Dette kan til dømes gjelde ved arbeid med gravemaskin, betongbil eller skogsmaskiner. Også ved sprengingsarbeid og felling av tre nær høgspentlinjer skal netteigar kontaktast.

Når SFE Nett blir varsla om dette vil vi vurdere arbeidet som skal utførast og gje rettleiing om farar og tiltak som må settast i verk i tilknyting til arbeidet. Normalt dekkjer SFE Nett sine kostnadar med dette.

Varsling skal gjerast til SFE Nett på telefon 57 88 48 00 seinast tre dagar før arbeidet skal settast i verk. Dersom SFE Nett ikkje blir varsla om arbeidet kan utførande bli erstatningspliktig for skader som blir påført dei elektriske anlegga.

Det er livsfarleg å kome i kontakt med kraftlinjer med anleggsmaskiner eller anna utstyr.