PLUSSKUNDE

SFE <picture/>

 

 

Planlegg du å montere solceller?

Ein plusskunde er ein kunde som produserer straum til eige forbruk, og som i nokre periodar leverer overskot av kraftproduksjonen til straumnettet. Dersom ein plusskunde på noko tidspunkt leverer meir enn 100 kW, reknast kunden som ein vanleg kraftprodusent, og ikkje lenger plusskunde.

Sogn og Fjordane Energi tilbyr avtale til plusskundar gjennom nettselskapet vårt Linja.

Desse stega må du følgje for å bli plusskunde i Linja:

  • Kontakt ein installatør for montering. Det er viktig at dette blir gjort riktig. 
  • Installatør avtaler tilkopling av anlegget med oss.
  • Kontakt oss for avtale om sal av overskotsenergi. Avtala bestemmer kva pris du får når du sel overskotsenergien din til oss.

Ved bruk av smart straummålar (AMS) har både du som plusskunde, og vi som energiselskap kontroll over kor mykje energi du har levert. Dette gjer at du som plusskunde kan få eit energioverskot, og dermed få ei lågare straumrekning, eller av og til gå i pluss. Oversikt over forbruk og produsert energi får du når du loggar inn på MI SIDE.

Dersom du lurer på noko angåande det å bli plusskunde, ta kontakt med oss, eller sjekk ut NVE si nettside om dette her Plusskunder - NVE .