KVA BØR DU SJÅ ETTER VED STRAUMBROT

Er det mørkt hos naboane?
Er straumen vekke med naboane også? Dersom det er mørkt husa rundt deg, er feilen sannsynlegvis i SFE Nett sitt straumnett. Dersom området ditt ikkje er på lista over planlagte utkoplingar eller uventa straumbrot, så set vi pris på at du tek kontakt med oss. Du kan ringe SFE Nett sin vakttelefon på 57 88 48 00.

Dersom det berre er hos deg det er mørkt: Sjekk sikringar, jordfeilbrytar eller overspenningsvern. Dersom du ikkje finn grunnen til at du er straumlaus, ta kontakt med oss.

Lurt å vere føre var
Forsikringsselskapa har i mange år anbefalt å dra støpselet til følsomt utstyr ut av kontakta ved tordenvær. Dette bør du også gjere når det er andre feil med elektrisitetsforsyninga, for eksempel når det er tungt snøfall, mykje vind, tordenvêr eller ved ”halv spenning”. Du bør dra ut støpslet til: PC, TV, kjøleskap, frysarar, vannpumper og varmepumper. Panelovnar, komfyrar og glødelamper kan som regel nyttast med mindre dei inneheld mykje elektronikk.