VI GÅR SAMAN MED SUNNFJORD ENERGI OM STRAUMSAL

Kundesenter SFE Kraft

SFE Kraft og Sunnfjord Energi har funne tonen, og bestemt oss for å gå saman om å levere straum til deg. Du blir med det ein av rundt 32 000 kundar som får ein større, men like engasjert straumleverandør.

Vil du som straumkunde merke noko til endringa?

Som SFE-kunde vil du ikkje merke noko til endringane. Straumavtala di, fakturaen din og kontakten med oss vil vere som den alltid har vore. Sunnfjord Energi-kundar vil truleg heller ikkje oppleve den store forskjellen, då mykje av arbeidet hos oss vil bestå av å samordne våre interne kundesystem. Vi har inntil vidare valt å bruke SFE Kraft som merkenamn, men vil etter kvart kunne vurdere å endre namn på selskapet.

Kvifor meiner vi dette er rett for oss, og bra for deg?

  • God pris: Vi vil vere betre rusta for å gi deg ein konkurransedyktig pris – også i åra som kjem.

  • God kundeservice: Vi får eit større fagmiljø for kundehandsaming, og fleire som kan hjelpe deg når du treng det.  

  • Betre kundekommunikasjon: Eit større fagmiljø vil gjere oss i stand til å tilby nye, digitale kommunikasjonsflater, og gi deg auka sjølvbetjening.

Kanskje har du allereie høyrt at SFE og Sunnfjord Energi er i samtalar om å slå saman sine verksemder innan kraftproduksjon og straumnett, men den informasjonen du no har lest gjeld berre dei delane av verksemdene som sel straum til privatkundar og bedrifter.

Målet vårt er å vere straumleverandøren du ikkje ønskjer å byte ut, og vi håpar at du ønskjer å vere kunde hos oss i mange år framover.

Les meir om samarbeidet i pressemeldinga her.