Vi søker nye lærlingar

02.03.17

Likar du å vere utandørs, jobbe med varierte arbeidsoppgåver og er lysten på ei spennande framtid? Då bør du søke lærlingplass i SFE.

Vi er nemleg akkurat no på jakt etter nye lærlingar på montørbasane våre i Askvoll, Florø og Måløy. Arbeidsoppgåvene dreiar seg hovudsakleg om bygging og drift av SFE sine nettanlegg, og du vil jobbe i team med gode kollegaer. Det vi krev av deg er at du har rett fagleg bakgrunn, gode haldningar og ikkje minst eit høgt engasjement for energimontørfaget.

I SFE er vi til saman 250 tilsette fordelt på ulike plassar i Sogn og Fjordane. Hovudkontora våre er på Sandane og i Florø. Vi har montørbasar i Florø, Askvoll, Rugsund, Måløy, Sandane, Breim og Eid og kor mange som jobbar på kvar base varierer frå seks til 20 tilsette.

SFE er ei IA-bedrift med høg medarbeidartilfredsheit, lågt sjukefråvær og stort fokus på HMS (Helse Miljø og Sikkerheit). Vi har konkurransedyktige løns- og arbeidsforhold og gode forsikringsordningar.
 
Søknadsfrist er 17.04.2017 og oppstart av læretida vil være ca 15. august. Det er og høve til å søkje sommarjobb, her har vi søknadsfrist 10. mars.

Dersom fleire av montørbasane er aktuelle for deg ber vi om at du kryssar av for dei aktuelle montørbasane når du registrerer søknaden din.

For meir informasjon kontakt Tove Rindheim på tlf 57 88 47 00/938 12 685.

Sparetips

Alternativ lysbruk