Auka beredskap og varsling av straumbrot

SFE Nett har auka beredskapen vesentleg denne helga som følgje av uvêret som er meldt i området vårt. Dette gjeld både driftssentralar, vaktmannskap, montørstyrkar og administrativt støttepersonell.

Vi vil primært nytte www.sfenett.no og vår Facebook-side for varsling av straumbrot. Vi vil også oppdatere talepostmeldinga på feilmeldingstelefonen vår. Ingen av desse varslingane er automatiserte - det vil derfor kunne ta litt tid frå du opplever straumbrot til du finn informasjon gjennom våre kanalar. Dette fordi vi i ein første fase av straumbrotet vil ha fullt fokus på å gjenopprette straumforsyninga - enten gjennom omkoplingar eller mobilisering av mannskap for feilretting.

Du kan nytte vår feilmeldingstelefon dersom du ønskjer å varsle om straumbrot eller du har observert feil på straumnettet vårt:

Feilmeldingstelefon: 815 21 490 (Gloppen: 57 88 47 29)

Sparetips

Vask fulle maskiner