Ekstraorinært halvårsresultat i SFE

Sogn og Fjordane Energi (SFE) oppnådde eit resultat etter skatt i første halvår 2014 på 343 millionar kroner. Ein større salsgevinst og ein større rekneskapsmessig nedskriving sette sitt preg på resultatet. Resultat frå underliggande drift er svekka i forhold til førre halvår pga reduserte kraftprisar.

Til tross for meir kraftproduksjon enn same periode i fjor, førte låge kraftprisar til reduserte inntekter for SFE samanlikna med første halvår 2013. Likevel syner rekneskapen for første halvår 2014 eit overskot for SFE‐konsernet på 343 millionar kroner etter skatt, noko som er 305 millionar kroner betre enn føregåande år. Ein større salsgevinst etter sal av kraftproduksjon i Luster er årsaka til det sterke resultatet etter skatt, som kjem til tross for ei større rekneskapsmessig nedskriving på kraftproduksjon i Svelgen. Den underliggande drifta, sett bort frå salsgevinst og nedskriving, har gitt eit resultat etter skatt på 22 millionar kroner. Dette er 16 millionar kroner svakare enn 1. halvår 2013.

Salsgevinst frå Leirdøla kraftverk
Hausten 2013 inngjekk SFE og Svelgen Kraft ei avtale med Statkraft om at SFE skulle selje sin 35% eigardel av Leirdøla kraftverk i Luster til Statkraft, mot at Svelgen Kraft skulle kjøpe kraftverka Svelgen I og II frå Statkraft. Svelgen Kraft er eigd 56% av SFE, 34% av Tafjord og 10% av Sognekraft. Medan SFE sin eigardel i Leirdøla utgjorde 174 GWh middelproduksjon, er tilsvarande produksjonsvolum i Svelgen I og II 260 GWh.

Salet av medeigardelen av Leirdøla kraftverk gav SFE ein rekneskapsmessig salsgevinst på 513 millionar kroner. Konsernsjef Terje Gjengedal seier den store salsgevinsten i rekneskapen skuldast at SFE fekk utløyst dei verkelege verdiane i kraftverket.

‐ Leirdøla kraftverk hadde ein lågare bokført verdi i våre rekneskap enn den verkelege verdien, og slik er det gjerne med eldre kraftverk. Vi fekk realisert dei verkelege verdiane når vi no
selte det til Statkraft, seier Gjengedal.

Nedskriving på kraftproduksjon i Svelgen
Medan salet av kraftproduksjonen i Luster slo svært positivt inn på halvårsresultatet, bidreg ein rekneskapsmessig nedskriving på kraftverka Svelgen III og IV til å redusere resultatet med 200 millionar kroner. Dette er kraftproduksjon som kom tilbake til lokale eigarar etter at SFE, Tafjord og Sognekraft gjennom Svelgen Kraft kjøpte den for 1,7 milliardar kroner i 2010. Sidan den tid har straumprisen falle markant, og dette er grunnen til nedskrivinga, seier Gjengedal.

‐ Som resten av kraftnæringa har vi fått merke dei sterkt fallande kraftprisane. Sidan 2010 har systemprisen på straum gått frå 42,5 til 23,2 øre per kWh. Vi er nøydde til å kontinuerleg vurdere den reelle verdien på kraftverka våre, og gjere nedskrivingar når realitetane tilseier at det er rett, seier Gjengedal.

Til tross for eit svært godt resultat etter skatt, meiner Gjengedal det er viktig å sjå bak dei
ekstraordinære postane.

‐ Resultatet frå den ordinære drifta er svakare enn det vi skulle ønske, spesielt som følgje av låge straumprisar og ei lågare inntektsramme for nettverksemda. Når vi i tillegg får ei nedskriving på kraftproduksjonen er det ekstra kjekt å sikre ein sterk salsgevinst frå Leirdøla som gjer at halvårsresultatet likevel blir svært godt, avsluttar Gjengedal.

Dei ekstraordinære postane vil ikkje ha innverknad på eventuelt utbyte for 2014, seier styreleiar i SFE, Per Atle Kjøllesdal.

‐ Styret i SFE har vedteke at det er det ordinære resultatet etter skatt som skal utgjere
utbytegrunnlaget for 2014, og at dei ekstraordinære postane ikkje gir grunnlag for utbyte.
Grunnen til dette er at store delar av salssummen for Leirdøla kraftverk har gått med til å
betale for kjøp av Svelgen I og II, samstundes som Svelgen I skal rehabiliterast for om lag 100 millionar kroner. I tillegg står konsernet framfor store investeringar i både kraftproduksjon og linjenett i åra som kjem, seier styreleiar Per Atle Kjøllesdal.

Nøkkeltall for SFE-konsernet 1. halvår 2014 og 2013:

Mill kr 1. halvår 2014 1. halvår 2013
Omsetning 1044 629
Driftsresultat 422 147
Resultat før skatt 374 99
Resultat etter skatt 343 38


For meir informasjon, ver vennleg å kontakte:
Terje Gjengedal, konsernsjef: 91 17 87 99, terje.gjengedal@sfe.no eller
Per Atle Kjøllesdal, styreleiar: 48 21 39 84

Sparetips

Luft rett