Endring i prisområder

På grunn av flaskehalsar i nettet består det norske kraftsystemet av fleire prisområder. Straumkundar i Sogn og Fjordane tilhøyrer enten prisområde 3 eller 5. Tidlegare har grensa mellom desse prisområda gått om lag ved Nordfjorden, der prisområde 5 har gått sørover og område 3 nordover til Midt-Noreg.

Det er Statnett som set prisområda ut frå det som sikrar god flyt av kraft i Noreg. 7. mars endra Statnett grensene for prisområde 3 og 5 – grunna innføring av felles nordisk balanseavrekning og komande spenningssetting av ny 420kV-linje mellom Sogndal og Ørskog. Grensa er no flytta frå Nordfjorden til om lag nord for Sognefjorden.

NB: Det er greitt å vite at denne inndelinga ikkje føl naturlege geografiske inndelingar, men koplingspunkt i nettet.

Sjå her for kart over gjeldande prisområder og områdeprisar i dag.

Sparetips

Vask fulle maskiner