Første ladestasjon i bruk

No kan du lade elbilen din på Sandane. Den første av SFE sine ladestasjonar opnar no i ein testfase.

På Sandane kan ni bilar lade på same tid og det er i praksis ladarar for alle typar bilar.
– Vi har og ein kraftig hurtigladar, den einaste i sitt slag mellom Oppedal og Volda, seier Ole Gaute Hovstad, prosjektleiar for ladestasjonsatsinga i SFE.

Samarbeid med Tesla
Stasjonen på Sandane er eit samarbeid med Tesla som står for seks av ladarane. Offisiell opning av ladestasjonen vil skje seinare i sommar når alt er på plass. Fram til da vil stasjonen vere gratis tilgjengeleg i ein testfase. Etter kvart vil stasjonen verte ein del av Grøn kontakt sitt nettverk der ein kan teikne abonnement.

Fleire stasjonar undervegs
I løpet av hausten skal SFE byggje ladestasjonar også i Florø og på Nordfjordeid.
- Vi håpar at denne satsinga vil få folk til å i endå større grad vurdere elbil som eit alternativ. Med satsinga på ladestasjonar i distriktet er ikkje lenger elbil eit byfenomen, avsluttar Ole Gaute Hovstad.

Sparetips

Sats på fleire varmekjelder