Julekonkurranse 2014

01.12.14

Vinn den største gleda!

I Sogn og Fjordane Energi sin julekonkurranse på Facebook kan du vinne den største gleda: Å gjere andre glad. Alle som melder seg på julekonkurransen via facebook er med i trekninga av små og store premiar gjennom heile desember. Vi ønskjer at vinnarane sjølv skal bestemme kven som skal få premien. Kanskje ønskjer du å sende ei overrasking til ein snill nabo, eller ein god kollega, eller kanskje behalde den sjølv – du bestemmer og vi sender.

Hovudpremiane på kr 5000 har vi likevel lyst til at vinnarane skal gi til ei valfri god sak. Det kan vere til ein humanitær organisasjon eller rett og slett ditt lokale idrettslag. Kven ønskjer du å gjere glad?

Vi oppfordrar alle til å vere med på SFE sin julekonkurranse, kanskje er det nettopp du som kan glede ein ven. Fortel også andre om konkurransen, kanskje er det nokon som har lyst å glede deg?

Klikk her for å delta i konkurransen eller søk opp vår Facebook side der du finn julekonkurransen med meir.

Har du ikkje facebook, men ønskjer å vere med i julekonkurransen? Send ein mail til billettar@sfe.no med navn og telefonnummer, så er du med i trekninga gjennom heile desember.

GLEDELEG JUL!

Konkurransevilkår

Kontakt Oss

  • Send e-post
  • Sentralbord: 57 88 47 00
  • Kundesenter straum: 57 88 47 47 Kundesenter nett: 57 88 48 50
  • Straumbrot: 57 88 48 00
Sparetips

Alternativ lysbruk