Lefdal Gruve på eigarsida av Greenfield Datasenter

04.10.12


Lefdal Gruve, som er eigd 18,2% av SFE, har kjøpt 67% av Greenfield Datasenter.

To av dei største og mest profilerte datasenterprosjekta i Noreg har dermed danna ei felles fane, både nasjonalt og internasjonalt.

– Vi slår saman to komplementære produkt som fører til at vi står sterkare i kampen om kundane, seier marknadsansvarleg i Lefdal Gruve, Mats Andersson.
 
Det er statleg eigde Entra Eiendom som står bak Greenfield Datasenter som er planlagt bygd i Fet kommune utanfor Oslo. Selskapet skal behalde dei resterande 33 prosentane. Medan Entra primært har fokusert på den norske marknaden, har Lefdal Gruve posisjonert seg i utlandet.
 
Tidligare i år gjekk Lefdal Gruve og Greenfield Datasenter inn ein intensjonsavtale. Begge såg at eit samarbeid ville møte kundanes framtidige behov.
 
– Då Entra opna for å redusere eigardelen i Greenfield Datasenter, var valet av partner lett for begge selskapa. Lefdal Gruve er det prosjektet i verda som har best føresetnader for å levere store mengder areal til ein pris som er leiande i Norge og i ein internasjonal marknad. Greenfield Datasenter har bygd opp den mest framtidsretta løysninga i Oslo-området og sit med den beste løysinga for kundar som vil ha ein lokasjon på Austlandet eller i nærleiken av ein internasjonal flyplass i Noreg, seier Andersson.
 

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Vask fulle maskiner