Midlertidig endring i prisområde

For tida held SFE Nett på med mykje nødvendig arbeid i nettet – både på stasjonar og linjer. Noko er nye nettanlegg, noko er revisjon av eksisterande og ein del er tilpassing til 420kV-linja som kjem frå Sogndal til Ørskog på Sunnmøre. Dette er arbeid som skal sikre forsyningstryggleiken og kapasiteten i nettet.

For å sikre forsyningstryggleiken må SFE Nett også gjere nokre tilpassingar som medfører at fleire av nettkundar som før har tilhøyrt prisområde NO5 no frå straumen nordfrå, eller prisområde NO3. Dette er eitt av fem prisområder i Noreg. Prisområda er sett av Statnett som eit verkemiddel for å sikre rett flyt av krafta mellom ulike områder av landet – samstundes som er skal utnytte kapasiteten i nettet på best mogleg måte. Kva område som har lågast pris vil til ei kvar tid variere. Les meir om prisane i dei ulike områda her.

Endringa gjeld nettkundar i delar av Bremanger, heile Selje og Vågsøy, og delar av Eid.

Dette er ei midlertidig løysing, og ein kan ikkje seie med sikkerhet kor lenge det vil vare. Kanskje ut året.

Om du har spørsmål knytt til dette kan du kontakte kundesenteret på tlf. 57 88 47 47 eller e-post: kundesenter@sfenett.no

Sparetips

Luft rett