Nye straummålarar i 2018

Innan 1. januar 2019 skal det monterast automatiske straummålarar hos alle norske straumkundar. I seg sjølv er dette den største moderniseringa av straumnettet på 100 år.

Det er norske myndigheiter har bestemt at alle straumkundar skal få montert nye, automatiske straummålarar. Målarane kommuniserer direkte med nettselskapet og opnar for mange nye fordelar for både straumkunden og nettselskapet.

Smart for kunden
Innføringa av smarte nett opnar for ei rekkje fordelar for deg som straumkunde. Med automatisk straummålar slepp du å lese av målaren sjølv fordi avlesingane vil skje automatisk, og direkte til nettselskapet. Dette gir deg ein meir presis faktura, der du betalar for det straumen kostar når du faktisk brukar den. 

I tillegg veit vi at mange tredjepartsleverandørar utviklar tenester som vil nytte potensialet i dei nye, digitale målarane. Dette er tenester som vil kunne auke komfort, energieffektivitet og fleksibilitet for deg som straumkunde. Til dømes kan dette vere tenester som gjev deg endå betre innsikt i straumbruken eller høve til å styre straumbruken i heimen på heilt nye måtar, til dømes etter pris. Dette vil ikkje vere ein del av installeringa av målarar som nettselskapet skal gjere, men tenester som ein kan kjøpe som tillegg.

Smart for straumnettet og klimaet
For samfunnet og nettselskapa vil forsyningstryggleiken bli betre, då smarte straumnett og endra forbruksmønster vil bidra til å senke belastninga i nettet. Nettselskapet vil ha ein mykje betre oversikt over kvar belastninga i nettet er størst, og får dermed betre innsikt i behovet for oppgraderingar. Dette vil kunne bidra til å redusere kostnadane i nettet. Ein veit også frå fleire studiar at betre oversikt over straumbruken fører til meir effektiv energibruk, som vil vere positivt for klimaet vårt.

For meir informasjon om nye straummålarar i SFE, sjå SFE Nett si heimeside.

Sparetips

Luft rett