Vindkraftkonsesjon til Lutelandet

Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) ga i juli 2011 konsesjon for vindkraftanlegget, men vedtaket vart påklaga av naboar og hytteeigarar. Olje- og energidepartementet (OED) har kome til at det ikkje er grunnlag for å endre på NVE sitt vedtak, og har i dag gjeve Lutelandet Energipark endeleg konsesjon for anlegget. I vedtaket vert det positivt understreka at vindkraftanlegget er samlokalisert med anna planlagt industri på Lutelandet.

Vedtaket inneber at det kan byggast eit vindkraftanlegg på inntil 45 MW, med utgangspunkt i 15 stk 3 MW vindturbinar. I tillegg er det gjeve konsesjon for bygging av inntil tre testturbinar med samla installert effekt på inntil 10 MW.

Planlegginga av vindkraftanlegget starta i 2004, og konsesjonssøknad vart sendt våren 2009. NVE ga konsesjon i 2011. Handsaminga av klagene har teke vel eit år, men no har altså OED tildelt endeleg konsesjon for vindkraftanlegget.

– Vi er sjølvsagt tilfreds med at konsesjonssaka no er endeleg avklara. Samstundes må vi vere realistiske på at det enno er eit stykke fram før vindkraftverket kjem i drift, seier Stig Svalheim, styreleiar i Lutelandet Energipark.

Han viser til at konsesjonssaka for kraftlinja til Lutelandet framleis ligg hos NVE, og at låge kraftprisar er ei utfordring for lønsemd og finansiering av nye kraftprosjekt.

Selskapet har hatt ein god dialog med Fjaler kommune i utviklingsprosessen.

– Vindkraftverket er utvikla etter avtale med kommunen og grunneigarane. I tillegg arbeider vi godt saman med lokale utviklingsaktørar for å realisere planane om vindkraft og næringsutvikling på Lutelandet, avsluttar Stig Svalheim.

Lutelandet Energipark AS er eigd av Vestavind Kraft AS (der SFE eiger 35%) og Wind Power AS.

Kontakt oss

  • Send e-post
  • 57 88 47 47 (kundesenter)
  • 57 88 47 00 (sentralbord)
Sparetips

Luft rett