Sterk satsing på fornybar energi

Høgskulen i Sogn og Fjordane siktar seg inn mot si største satsing innan fornybar energi sidan dei starta med faget i 2008. No har dei søkt Norges Forskningsråd om midlar, og har med seg Sogn og Fjordane Energi, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sogn og Fjordane Fylkeskommune som viktige støttespelarar.

Det var i 2008 Høgskulen i Sogn og Fjordane starta opp med studieprogram og forsking innan fornybar energi. Sidan den tid har høgskulen teke stadig nye steg, og har etablert seg som eit viktig kompetansemiljø innan fornybar energi i Norge. No har Høgskulen søkt Norges Forskningsråd om 16,5 millionar til deira største satsing innan faget.

Får dei tilslag på søknaden vil solide medspelarar frå fylket også investere betydelege beløp i satsinga. Sogn og Fjordane Energi (SFE) vil bidra med 2,2 millionar kroner, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane med 1,2 millionar og fylkeskommunen med 850 000 kroner. Inkludert høgskulen sine eigne midlar er totalbudsjettet for satsinga på 25 millionar kroner. Ei avgjerd frå forskingsrådet er venta sommaren 2014.

Ser på lokale ringverknader

Både nasjonale og internasjonale målsettingar legg til grunn ein betydeleg auke i produksjonen av fornybar energi i åra som kjem. Med Sogn og Fjordane som utgangspunkt for forskinga, vil høgskulen sjå på kva økonomiske, sosiale og miljømessige ringverknader slik kraftproduksjon fører med seg. Professor Erling Holden meiner fylket er eit naturleg utgangspunkt for slik forsking, og legg vekt på at dei ikkje berre skal sjå på dei positive ringverknadane.

Sogn og Fjordane har 10 prosent av den eksisterande kraftproduksjonen i Norge, og i tillegg eitt av fem planlagde kraftprosjekt i landet. Dette skapar betydelege verdiar for eigarar og lokalsamfunn i fylket, men fører samstundes med seg miljømessige og sosiale konsekvensar. Det er mellom anna denne balansen vi ønskjer å forske nærare på, seier Holden.

Avgjerande regional støtte

Holden meiner dei regionale støttespelarane kan vere avgjerande for om dei når fram med søknaden.

I tillegg til at dei økonomiske bidraga er svært viktige i seg sjølv, veit vi at forskingsrådet legg vekt på regionale engasjement og finansiering når dei tildeler slike høgskuleprosjekt, seier Holden.

Denne veka vedtok hovudutval for plan og næring i fylkeskommunen si støtte til prosjektet. Leiar for hovudutvalet, Hilmar Høl, seier prosjektet er svært interessant innan eit viktig område for fylket.

Vi har allereie nokre av dei rikaste fornybare energiressursane i landet, og mange viktige næringsaktørar på området. No ønskjer vi å bidra til at dette også skal bli ei viktig kunnskapsnæring i fylket. Innan fornybar energi må vi og sjå på leverandørane våre på solenergimarknaden. Litt lenger inn i fjorden ligg Norsun som er  ein av verdens beste innan vaferproduksjon til marknaden. Dei utviklar sitt produkt forløpande for å halde tritt med utfordringane, og for å vere ein attraktiv  leverandør. Det er svært positivt at studiet skal sjå på lokale ringverknader av fornybar energi, seier Høl.

Fruktbart samarbeid

Det er ikkje første gongen næringslivet støttar opp om forsking og utdanning ved høgskulen i Sogn og Fjordane. SFE og Sparebanken Sogn og Fjordane var begge med då studiet innan fornybar energi vart starta opp i Sogndal for seks år sidan. Nyleg bidrog dei også til å finansiere etableringa av eit elkraftstudium i Førde.

Samarbeidet mellom næringslivet og kunnskapsmiljøet ved høgskulen er viktig og fruktbart. Vi spelar kvarandre gode i kvardagen gjennom at vi bidreg i deira forsking og utdanning, mens dei gjev oss verdifull kunnskap som vi kan nytte i utviklinga av våre verksemder. Samstundes trur vi høgskulen bidreg til å sikre fylket mykje viktig kompetanse som elles ville kome andre regionar til gode, seier Erling Sande, konserndirektør for strategi og utvikling i Sogn og Fjordane Energi.

Sande får støtte frå leiar i Sparebankstiftinga, Pål Fidjestøl, som meiner det er heilt avgjerande at næringslivet støttar opp om høgskulen i fylket.

Kraftproduksjon er ei tradisjonsrik og viktig næring for fylket, og omfattar ikkje berre kraftprodusentane. Vi har ein sterk leverandørindustri i Sogn og Fjordane, Norges vassdrags- og energidirektorat har eitt av sine fem regionkontor her, og i tillegg vil kompetansen vere viktig i offentleg forvaltning og hos lokale myndigheiter, seier Fidjestøl.

På bildet over artikkelen, f.v.: Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane), Hilmar Høl (Fylkeskommunen), Heidi Gommerud (2. årsstudent på bachelor i fornybar energi HiSF), Pernille Giske (3. årsstudent i det samme), Erling Holden (HiSF) og Erling Sande (HiSF).

Sparetips

Luft rett