TILKOPLING TIL STRAUMNETT

SFE <picture/>

SFE Nett har ansvar for distribusjonnettet i Gloppen, Eid, Selje, Vågsøy, Bremanger, Flora, Askvoll og delar av Naustdal. Om du treng tilkopling til straumnett for ny bustad eller hytte i desse områda, kan du ta kontakt med oss. For å bestille tilkopling til straumnett frå SFE Nett, eller for spørsmål, kan du kontakte oss på 57 88 47 00 eller sende ein epost til oss her.

Det er kunden som tek kostnaden med nytt eller forsterka nett til ny bustad/hytte. Dette gjeld også når nettanlegg må flyttast eller gjerast om etter ønskje frå kunde. Ta kontakt med din el-entreprenør for utforming av spesifisert bestilling til SFE Nett.