KVIFOR BETALAR VI NETTLEIGE?

SFE <picture/>

Nettleiga du betalar skal dekke dei kostnadane nettselskapet har med å transportere straumen trygt fram til deg. I tillegg til å dekke SFE Nett sine drifts- og utbyggingskostnadar, går halvparten av nettleiga du betalar til staten i form av avgifter (forbruksavgift til staten, ENOVA-avgift og mva) og til å dekke Statnett sine kostnadar i sentralnettet.

Det er myndigheitene, ved NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat), som regulerer kor høg nettleiga kan vere i dei enkelte områda av landet.

Sogn og Fjordane er eit fylke med stort areal fordelt på relativt få innbyggarar og bedrifter, og med ein omfattande eksisterande og planlagd kraftproduksjon. Dette fører til at kostnaden med å levere straum til kvar enkelt er høgare enn landsgjennomsnittet. SFE Nett er ein aktiv pådrivar for ei meir lik nettleige i heile Noreg. Vi meiner det ikkje er rettferdig at vi som bur i distrikta skal betale ei mykje høgare nettleige enn dei som bur i sentrale strøk. Vi held difor fram med å jobbe aktivt opp i mot styresmaktene med mål om å endre prismodellen for nettleiga.