TIPS TIL ELTRYGGLEIK

  • Bruk ikkje lause lamper og frittståande varmeomnar på barnerom eller i rom der det er lause husdyr.
  • Tørk ikkje kle på elektriske omnar.
  • Lad ikkje mobilen om natta
  • Slå av kokeplater etter bruk, bruk tidsbrytar om du har lett for å gløyme.
  • Be elektrikaren din om å installere ein komfyrvakt.
  • Ha rikeleg med stikkontakter i bustaden din. Lause dobbeltkontakter og andre provisoriske løysingar gjev dårleg tryggleik.
  • Bruk aldri sterkare lyspærer enn det lampa er berekna for.
  • Trekk ut støpselet på termostatstyrte elektriske apparat som ikkje er i bruk.
  • Alt arbeid med elektrisk anlegg skal gjerast av autoriserte fagfolk.
  • Er sikringar, koplingsboksar, støpsel eller brytarar unormalt varme, kan det tyde på overbelasting. Ta då kontakt med ein elektrikar.
  • Gamalt elektrisk utstyr kan vere brannfarleg og bør kastast.

Fleire tips til trygg bruk av elektrisitet kan du lese på heimesidene til  DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap).

Har du spørsmål til BKK Elsikkerhet vedrørande den praktiske gjennomføringa av varsla tilsyn er det fint om du oppgir saksnummeret ved kontakt til e-post: elsikkerhet@bkk.no eller telefon: 55 12 95 00