KONTROLL AV VERKSEMDER

DLE gjennomfører årleg ei rekke kontrollar i næringsbygg og på gardsbruk. BKK Elsikkerhet utfører kontrollar på vegne av DLE i SFE sitt nettområde.

Alle verksemder er pålagde å ha sitt eige internkontrollsystem og kontrollar i næringsbygg blir gjennomført med utgangspunkt i dette systemet. Internkontrollsystemet skal mellom anna innehalde rutiner for å sikre etterleving av relevante forskrifts- og normkrav. For å verifisere om vedlikehaldsrutiner fungerer, blir det under tilsynet utført stikkprøvebasert kontroll av det elektriske anlegget.

Etter kontrollen får bedriften tilsendt ein rapport over eventuelle avvik som vart avdekka. Om det ikkje ble funnet avvik, vil rapporten vere eit bevis på at kontrollen er utført og godkjend. Dersom det blir funne avvik får bedrifta tilsendt et forhåndsvarsel med frist for retting i tilknyting til internkontrollsystem og det elektriske anlegget. Dersom rapporten ikkje er retta innan fristen på forhåndsvarselet får bedriften tilsendt et pålegg frå DLE, med ein frist for utbetring.