No er dei eitt av landets største nettselskap

SFE <picture/>

Med felles satsing er vi endå betre rusta til å levere gode og effektive tenester til kundane, og ikkje minst bidra til samfunnsutviklinga i regionen vår, seier adm.dir. Rune Kiperberg i Linja. Før jul vart det kjent at dei to nettselskapa Linja og Mørenett skulle slå seg saman. Veke 10 var samanslåinga gjennomført. Med 320 tilsette, og rundt 100 000 kundar frå Giske i nord til Askvoll i sør, er dei no ein av landets største eigarar og operatørar av straumnett.

Rosar dei tilsette

Ingen tilsette misser jobben som følge av at selskapa slår seg saman. Sidan samanslåinga vart annonsert, har selskapa jobba med ny organisering, og ikkje minst samordning av dei mange systema og prosessane i dei to selskapa. – Det er ikkje beint fram å slå saman to store selskap, og eg vil rose dei tilsette som har gjort ein ekstraordinær innsats for å få brikkene på plass. Det vil framleis vere praktiske ting som gjenstår i tida framover, men frå no er vi eitt, felles selskap, seier Rune Kiperberg, som skal leie det nye selskapet.

Det samanslåtte selskapet skal heite Linja. – Mørenett var sjølvsagt ikkje aktuelt med tanke på at vi no dekker ein større region. Linja er eit enkelt namn som seier noko om kva vi driv med. Det er lett å hugse og fungerer på begge dei norske målformene. Det er også godt likt av dei tilsette. Så det namnet skal vi bere med stoltheit, seier Kiperberg. Det vil kunne ta noko tid før Linja-namnet og logoen er synleg på alle bilar og bygg på Sunnmøre.

Bidrag til samfunns- og næringsutvikling

I tillegg til sine 100 000 nettkundar, eig selskapet det meste av hovudnettet mellom Trøndelag og indre Sogn. Straumnettet er ein kritisk infrastruktur i eit moderne samfunn – eit ansvar dei ikkje tek lett på, understrekar Atle Isaksen, viseadministrerande direktør og ansvarleg for nettutvikling. – Vi er stolte over å kunne bidra til å skape attraktive samfunn og næringsliv på Nordvestlandet. Dette vil framleis vere den viktigaste rettesnora på vegen vidare, seier han. Utover nytt namn og logo i tidlegare Mørenett sin region skal ikkje kundane merke vesentlege endringar på kort sikt, meiner Isaksen. – Men på lengre sikt skal det nye selskapet bli meir effektivt enn det selskapa var kvar for seg. Med det vil kundane over tid få ei lågare nettleige enn om selskapa skulle halde fram åleine. Med større kompetansemiljø står vi i tillegg endå sterkare i møte med dei store moglegheitene som ligg i nye teknologiar. Dette ønskjer vi kundane skal oppleve verdiskapande i åra som kjem, seier han.

For meir informasjon, kontakt: Rune Kiperberg, administrerande direktør: rune.kiperberg@morenett.no / 911 85 786 Atle Isaksen, viseadministrerande direktør: atle.isaksen@linja.no / 952 56 457