Lokalt engasjement og verdiskaping

SFE <picture/>

SFE er offentleg eigd, og dei siste 15 åra har vi betalt utbytte til eigarane våre på over ein milliard kroner. I 2020 betalte vi utbytte på heile 120 millionar kroner, det høgste ordinære utbyttet vi har betalt nokon gong. 

Med sponsoravtalane våre bidreg vi til å realisere kultur, idrett og velferd i regionen. Saman med partnarar har vi oppretta ein ny, grøn innovasjonspris; DRIV-prisen, der vi fremjar idear og premierer nyetablerte selskap som satsar på grøn teknologi. I tillegg samlar vi årleg politikarar, lokalt næringsliv, akademia og studentar gjennom vår eigen konferanse Kraft i Vest. Dette er ein viktig møteplass for å lære, inspirere og diskutere. 

SFE som sponsor
Kvart einaste år samarbeider SFE med fleire titals lag, organisasjonar og arrangement. Saman har vi drivkrafta til å gjere lokalsamfunna våre til ein god stad å bu og vekse opp.
Les meir