SFE byggjer på ei 100 år lang historie som vasskraftprodusent, og har bygd seg opp som ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet.
Produksjonsverksemda er samla i selskapet SFE Produksjon, som omfattar drift, vedlikehald og rehabilitering av eksisterande produksjonsanlegg, kraftutbygging og utviklingsaktivitetar, og eit krafthandelsmiljø som driv fysisk og finansiell omsetting av kraftproduksjonen.
Selskapet har ein gjennomsnittleg, årleg kraftproduksjon på nær 2,4 TWh (middelproduksjon), som tilsvarar forbruket i rundt 130 000 heimar. Vi er operatør for 25 av 27 heil- og deleigde kraftverk i Sogn og Fjordane. I tillegg til vår eigen produksjon kjøper vi kraft frå fleire småkraftverk som vi omset i marknaden.