Lutelandet vindkraftverk

SFE <picture/>

Lutelandet vindkraftverk ligg på Lutelandet, ei øy som ligg vest for Korssundet i Fjaler kommune. 

Lutelandet er ein godt eigna lokalitet for vindturbinar med stabile og gode vindforhold. Konsesjon blei tildelt i 2019 og vindkraftverket består av ni turbinar som til saman skal produsere ny fornybar energi til om lag 9 000 husstandar.

Lutelandet vindkraftverk gir arbeidsplassar og verdiskaping for lokalsamfunnet. I tillegg har området Ytre Fjaler med dette fått eit nytt og sterkt 132kV straumnett som legg til rette for ny industri og næringsutvikling.

Fare for iskast

I vinterhalvåret vil det i periodar legge seg is eller snø på vindturbinane. Det er då ein risiko for at is og snø kan bli kasta av vindturbinen og vi anbefalar derfor at du held ein avstand på 300 meter til turbinane. 

Her ser du ein prognose over risiko for ising på Lutelandet. Varselet baserar seg på meterologiske data og data frå turbinane. Dei vert oppdaterte 4 gonger i døgnet. Den første boksen baserar seg på turbindata, medan dei neste er basert på prognosar. Det er alltid knytt usikkerheit til meterologiske prognosar og det vil vere situasjonar med isingsforhold som ikkje vert fanga opp gjennom driftsdata på turbinane. Sjå meir info om varselet her. 

Teiknforklaring:

Generelle ferdselsråd til dei som planlegg å gå tur i nærleiken av turbinar:

  • Hold alltid avstand til turbinane ved vinterstid. Det kan falle is frå taket på turbinen som er omdanna frå snøfall tilbake i tid
  • Vurder vêrtilhøva; dersom det er lavt skydekke eller tåke samtidig med temperatur rundt 0 så er det fare for at det er is på turbinbladene
  • Sjå opp; har det nyleg vore isingsfold kan det framleis sitte igjen is sjølv om det har blitt klarvêr
  • Tenk over at dei turbinane som ligg høgast i terrenget er meir utsett for ising enn dei som ligg lågare
  • Is og snø fra turbinblader vil drive med vinden
  • Skal ein gå nær ein turbin må ein gjere det med vinden i ryggen
  • Det anbefalast å ikkje opphalde seg rett under turbinen

Søk sponsormidlar

SFE ønskjer at verdiskapinga frå vindkraftproduksjonen på Lutelandet skal kome lokalsamfunnet til gode og har oppretta ei sponsorordning tilknytta vindkraftverket. Hovudhensikta er å framme utvikling og aktivitet og skape bulyst i området. Les meir om Vind-Vinn midlane her.

Lutelandet vindkraftverk

  • Installert effekt MW: 51,1 MW
  • Forventa årleg produksjon: 150GWh
  • Vart sett i drift 4. kvartal 2021
  • Antall turbiner: 9
  • Navhøgde: 105 meter
  • Rotordiameter: 149 meter
  • Turbintype: Nordex N149