Elbåt: Verdas første lynladar åpna i Florø

SFE <picture/>

Onsdag blei det skriven verdshistorie i Florø. No kan du lade både elbåt og elbil samtidig på same stad.  

Den historiske ladaren er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi (SFE) og BKK. Evoy, Kinn kommune og Florø Hamn er med som partnarar. Ladaren gjer det mogleg å lade både båt og bil lynraskt. Selskapa kjenner ikkje tilsvarande lader noko annan stad i verda.

Lynrask lader

Florø-laderen er unik og historisk på tre vis:

  • Verdas første lynladar for elbåt.
  • Verdas første kombinasjonsladar for elbåt og elbil.
  • Noregs første hurtigladar for elbåt.

Skilnaden på ein normal-, hurtig- og lynladar seier noko om kor raskt du kan lade bil eller båt. Der vanleg lading heime kan ta timesvis, går ein lynladar lynraskt. Lynladarar har 150 kW effekt og oppover. Hurtigladarar er mellom 40 og 150 kW. Florø-ladaren har 150 kW effekt og kan brukast av alle med elbil eller elbåt via appen Bilkraft.

Legg til rette for nullutsleppsamfunnet

- Vi er stolte av å legge til rette for at folk i regionen kan velge klimavenleg. Området vårt er ikkje berre ein stor leverandør av fornybar energi til storsamfunnet, dette viser at vi også er i front på dei nye fornybare løysingane, seier Johannes Rauboti, konsernsjef i Sogn og Fjordane Energi (SFE).

Bygger ladenett for elbåtar

Ladaren er likt eigd mellom SFE og BKK. BKK ønskjer å bli størst på elektrifisering i Norge, og satsar på både landstraum til skip og lading av båtar gjennom datterselskapet Plug. Så langt har Plug offentleggjort at det skal byggast ladarar i Florø, Aker Brygge og Bergen.
- Vi i Plug skal bygge Nord-Europas første hurtigladernett for elbåtar. Florø-ladaren blir ein viktig del av ladeleden langs kysten. Sjølv om det enda ikkje er mange elbåtar på sjøen, så er det viktig å bygge ladarane så bedrifter og båtfolk blir trygge på lademoglegheitene, seier Maria Bos, dagleg leiar i Plug. BKK er blant Noregs største på hurtiglading til elbil.

Elbåtrevolusjon i Florø

Både SFE og BKK skryt av Florø-selskapet Evoy. Evoy har utvikla elektriske framdriftssystem for båtar, og leier an i elbåtrevolusjonen. Florø hadde ikkje fått verdas første elbåtlynlader utan Evoy og gründer Leif Stavøstrand sitt brennende engasjement.

- Ein må jo klype seg i armen, det er ikkje kvar dag ein får vere med på verdssensasjon! Eg meiner det er vanskeleg og overdrive viktigheten av denne ladaren, det er virkeleg ei fyrlykt som viser veg. Det kjem til å skape ringar i vatnet verda rundt og ringen starter i Florø. Dette er berre byrjinga for hurtig elbåtlading og kureringa av rekkeviddeangst. Vi gler oss verkeleg til fortsettelsen, seier ein opprømt dagleg leiar i Evoy, Leif A. Stavøstrand.